19 november, 2005

Velkomen til rått og rote!

Vel, altså: Dette er ikkje ei side om gamle, tradisjonsrike, norske matrettar. Likevel trur eg innhaldet her vil få ekte rakfiskprodusent, eller det som verre er, til å smile i skjegget. Dette er ikkje sjølvskryt, men ei åtvaring: Sluker du det som står på denne sida rått, så gjer du det på eige ansvar. Innhaldet her er tungt fordøyeleg, det er nok berre dei færraste som vil vere i stand til å setje pris på det, ja dersom du ikkje hentar fram nokre klyper med salt er det kanskje heilt uspiseleg.


Konseptet er følgande: Viss eg bestemmer meg for å losse nokre ord fiska i livets hav eller kjenner trong for å grave opp nokre setningar i mitt indre for å dele dei med nokon, så kan det fort vere at dette er staden der dei vert serverte.
Men pass deg, eg serverer både rått og rote!