28 november, 2005

Om vindkraft

Vindkraft: Dersom du ikkje har høyrt ryktet, så skal eg fortelje deg det no. Vi brukar for mykje straum, vi brukar meir straum, og vi vil ha for lite straum i framtida.

For å løyse problemet, eller i alle fall skyve det lenger inn i framtida har lyse hovud i mektige kraftselskap funne ut at dei skal omdanne vinden langs norskekysten til elektrisk energi. Til dette skal dei bruke vindmøller som skal plasserast på trekkfulle stader, d.v.s. på fjellet eller i synsranda ute på havet.

Vindkrafta er hylla av mange (Bellona t.d.) som rein energi, fordi produksjonen ikkje medfører utslepp av klimagassar. Dette betyr ikkje at vindkraft er naturvennleg. Tenk deg fleire titals 140 meter høge master med ein jumbojet snurrande på toppen (eg overdriv faktisk ikkje), samla på toppen av nakne kystfjell. Norskekysten kan verte totalt forandra, urørte naturområde står i fare for å verte omdanna til industriparkar med vegar og vindmøller.

Det likar eg ikkje. Derfor tok eg pennen, nei tastaturet fatt tidlegare i haust og skreiv eit innlegg i lokalavisa Vestlandsnytt om Haugshornet vindpark som er planlagd i nabokommunen heime. Innlegget handlar om ein tur til Hornseten, det fjellet eg nok har vore flest gongar på. Vel, nok om det, her er innlegget:



"Kveldsfred i kveldssol

I vest ligg Skorpa. Så Nerlandsøya, Remøya, Runde, Leinøya. For berre to dagar sidan stormen brasa inn frå vest og varsla haust. Men i kveld stryk ein mild bris meg over kinnet, og den kjølige sommaren er berre eit vagt minne. Sjøen ligg tung rundt øyriket, Holmefjorden glasblank under meg i kveldssola.

I sør finn blikket kvile på Moltufjellet og Hidsegga med sine lange, reine linjer. I aust kneisar tindane mot himmelen. Ramoen, Kolåstinden, Liahornet, Saudehornet og fleire til. Rundt meg står røsslyngen pynta i haustskrud, medan einen lyser i grønt. Nokre trastar flyg forbi, dei reiser nok ikkje sørover i kveld.

Hadde eg hatt klokke på meg ville eg ha visst at tida går. At kvelden snart er omme. Eg ville ha huska at eg eigentleg er ute for å trene, ikkje for å stå her og gjere ingenting. Blikket glir mot vest igjen. Mot ein horisont fargelagd med det edlaste gull. I nord glir gylne fargetonar over i ein fredfylt blåtone. Eg fell til ro, kjenner at det gjer godt å berre "vere", i staden for å "gjere".

Med roa kjem tankane. Halvferdige tankar frå ein hektisk kvardag, no er dei klare til å verte fullførte. Natur. Energi. Vår moderne livsstil. Er samfunnet vårt i dag berekraftig? Vil naturen i framtida tole at vi forbrukar endå meir ressursar? I Sande vil Hydro bygge vindpark på fjellet. Det skal gi millionar i ei skrapa
kommunekasse. Eg har ingen millionar, og undrast på kor mykje mi vesle fredfylte stund er verdt. Eg kjem til kort mot diffuse størrelsar som velvære, livskvalitet, og helse, men eg veit med meg sjølv at slike stunder er med på å gjere livet godt å leve. Og det må då vere verdifullt? Eg er ikkje sikker på om økonomien er einig med meg, men så er han temmeleg opphengd i kroner og øre, helst millionar. Økonomien er snever, det er eg sikker på.

Vindkraft. Vindmøller forandrar landskapet og tek noko av roa vekk frå naturen med sine konstante rørsler. I tillegg produserer dei støy. Likevel meinar visst somme at vindkraftutbyggingar er til det gode for friluftslivet, sidan vegbygging i samband med vindparkar gjer naturområde lettare tilgjengelege for fleire. Stilheita og roa rundt meg fortel meg at dei tek feil. Faktisk gjer det meg provosert at naturen for ein kvar pris skal vere så tilgjengeleg. Er ikkje ei utsikta frå toppen flottast når du er sliten etter å ha gått opp motbakkane? Smakar ikkje vatnet i fjellbekken best når du er tørst?

Det mest vektige argumentet for vindpark, ved sida av millionane i kommunekassa, er argumentet om at vi har eit kraftunderskot i vår region som vil verte større med åra. Men i forhold til den problemstillinga vil ein vindpark berre bety ein dråpe i havet. Samtidig ser det ut til at det no tvingar seg fram nye gasskraftverk for å bøte på vårt umettelege energibehov. Kanskje vi ein gong rett og slett må bremse på energibruken? Bruke mindre? Eller vil ny teknologi gjere det mulig å fortsette auke forbruket i framtida? Uansett vil vindkraft aldri kunne løyse energiproblema våre. Har vi råd til å ofre fjella våre for ein dråpe i havet?



Ikkje lenge etter at eg har tenkt ferdig startar knotten å bite, og eg returnerar. Vel nede slår pulsen rolegare, og tankane er klarare og humøret betre enn før turen. Eg unnar dei som bor i Gursken, Haugsbygda og Gjerdsvika å få oppleve det same."