06 januar, 2006

Cirkum Polare er i gong!

Etter ei roleg og fin jul med mykje god mat og eit par lettare fysiske utskeiingar i form av eit par joggeturar på fjellet og litt fotballsparking på romjulsturneringa heime i Herøyhallen, sette eg kursen nordover onsdag den 4. januar. Det einaste virkelig sensasjonelle eg kan fortelje frå jula er at eg scora eit mål, etter fyrst å ha dribla av og gått forbi ein juniorspelar i sin beste alder. Slike uventa renessanser er det ikkje alle gamle, rustne fotballkroppar som får oppleve! Moro var det, i alle fall, både å få spele litt halvseriøs innefotball igjen, og ikkje minst treffe gamle kjente.

Men no er det altså Alta, Øytun og Cirkum Polare som gjeld. Eg landa i Alta klokka elleve den onsdag. Etter ein del timar i fly med kurs rett nordover var eg klar for å lande i eit Finnmark med skiføre, 20 kalde og eit anstrøk nordlys på himmelen. Eg må nok fastslå at Finnmark med regn, 7 plussgrader og "snø til midt på hælen" dessverre ikkje klarte å innfri forventningane.

Den største skuffelsen er likevel mørketida. Etter å ha høyrt så mykje om denne mørketida som kvar vinter ligg som ei klam hand over folk folk nordpå, og gjer dei både melankolske og depressive, ja som til og med visstnok får somme til å reise til sol og varme på sørlege breiddegrader, så var det eit sjokk å finne ut at det faktisk er lyst her. I fleire timar er det lyst, heilt mørkt vert det ikkje før klokka tre. Ja, ja, ja, eg veit at sola ligg litt under horisonten. Men det er jammen ikkje så lyst på Sunnmørskysten når vinterstormane rasar inn frå sørvest, heller. Og kor mange dagar er det eigentleg ein ser sola i løpet av ein regnfull Vestlandsvinter? Nei, mørketida skremmer ikkje meg, folkens!

For øvrig ser det bra ut. Vi har eit rimelig hektisk program fram til vi reiser til "the last frontier" den 6. februar, med mykje planlegging, men også turar til vidda og kysten. Hittil har vi rukke ein "bli kjent-tur" til skulen si gamme pluss sightseeing i Alta City og ei solid infoøkt. Eg tek det som eit godt teikn at kvikksølvet er i ferd med å krype nedover, gler meg til fortsettelsen.