18 januar, 2006

Wig Wam og Trine Rein x3

Vintereventyret Cirkum Polare tok i nokså uventa vending forrige veke:


Som de ser var eg på konsert. Med Wig Wam. Eg sat nesten heilt framme. Vel, i grunnen var Wig Wam berre oppvarming, då. Oppvarming til, eh, regionfinale nummer ein i MGP. Det vil seie Grand Prix, faktisk.
Kvifor?? Korleis kunne eigentleg noko slikt skje? Den konkrete årsaka var at eg hadde fått gratisbillett. Men ein skarve gratisbillett er då strengt tatt ikkje gyldig grunn for å oppleve ein time med dvaske fjerderangs grand prix-svisker, der attpåtil to av dei skulle spelast to gongar. Så eg får vel ta heile historia: Vi var 16 stk frå Cirkum Polare og Arktis på Øytun som fikk 20000 kroner og gratisbillett for å vere med å rigge opp og ned scene og lys til regionfinalen i Grand Prix i Finnmarkshallen i Alta. Det høyrest litt betre ut eller?
Men det var faktisk ikkje bra. Omrekna til timelønn hadde vi såvidt over 60 kroner timen pr person, for å jobbe frå 9 til 9 på tirsdag og frå 9 til 3 natt til laurdag. Å arbeide for austeuropeisk timelønne gikk i grunnen greit, verre var de å pine seg sjølv gjennom ein time med 6 klisjespekka Grand Prix låtar (eg vil helst sleppe å rippe så mykje opp i dette.) Stikkord er klissete refreng, glyete melodiar og ekle modulasjonar. Men heldigvis var det ikkje berre liding, inntil eit visst punkt var det heile ganske festleg, t.d. med gitaristar som spelte utan å ha kabel i gitarutgongen og trommisar som vifta med trommestikkene utan å vere i nærleiken av slagverket, playback kallast det visst. Dei to minst dårlege låtane vart spelte om igjen, og som om ikkje det var nok, så måtte Trine Rein synge ein tredje gong p.g.a. tekniske problem. For ein som kanskje har høyrt ca. tre Trine Rein-låtar i løpet av 21 år levd liv var det ei sterk oppleving å høyre ein Trine Rein-låt tre gongar i løpet av berre ein liten time.
Nei, dette var Grand Prix-maskinen i levande live, med profft show, men syltynt innhald. Viss nokon har ei ku dei vil lære å mjølke, så veit Grand Prix korleis.
Men oppvarminga med Wig Wam var litt morosam, då.



Vi har heldigvis gjort andre ting her oppe enn å vere billeg arbeidskraft for MGP. Laurdag til søndag var vi på tur til skulen si hytte på Orros. Her var det isfiske, rypejakt, reinhjerte til middag, og ein lang kveld med hyttekos. Det vart verken fisk eller fugl på oss, men jammen hadde vi det fint likevel!


Forrige veke starta endeleg årets skisesong for min del, eit lite skår i gleda var den litt skrinne snømengda. Det går heilt fint å gå oppover og bortover på lyng, men det er ikkje fullt så moro nedover. Snømengdene her i Alta er rekordlave, slik det er no skal det visst eigentleg vere i oktober. Dei stakkars årselevane her er så sveltefora på pudder og gode forhold at det er reint synd på dei. Nordvestlandet er plassen dersom ein vi stå på ski, det kan det ikkje herske mykje tvil om.


Forrige fredag køyrde vi hundar med Harald Tunheim på vidda. Det var tøft det! Med seksspann fauk vi innover fjellet i ekspressfart på knallbra føre. Med fullmåne og flammande mørketidslys på ein klar himmel. Å stå bak på sleden med 6 gira huskyar trekkande så det kvein i svingane, det var så intenst, så spennande, så eventyrleg, så artig at eg eigentleg ikkje kan få sagt det. Nei, det var heilt rått! Fyrst køyrde vi to i kvar slede innover til ein lunsjplass der vi fyrte bål og tok livet med ro, medan vi bytta på å køyre åleine med lett slede etter Harald. Nei, når eg vert stor, då, kanskje, kanskje...


Siste nytt no er stormen Narve, som kom i går og skal verte verande i ei vekes tid. I morgon reiser vi på snarefangst på vidda, med 20 minus og stiv kuling vert det spennande!

8 Comments:

At 18/1/06, Anonymous Anonym said...

Du lever et fint liv!

 
At 18/1/06, Blogger Håkon said...

Bra at du får litt kulturelt påfyll der oppe, slik at villmannen i deg ikke tar helt overhånd. ;) Kanskje greit med litt Grand Prix der oppe, virkelig kunst og mektige naturopplevelser kunne fort blitt i sterkeste laget..

Du må forresten hilse til noen øytun elever fra meg, Audun og Ida fra Stavanger. De er småsøsken av mine venner. Fortsett med skrivingen og nyt vinteren. Hilsen frilufts studenten i parken.

PS: Noen bra jenter der oppe?
Og: er du med til Tronsø til høsten?

-Håkon

 
At 19/1/06, Anonymous Anonym said...

Broder`n..ka svare på dissa damine e??

 
At 24/1/06, Blogger MJ said...

Eline: Jau takk, utenom enkelte feilskjær innimellom, så har eg det veldig bra!

Håkon: Det tok ikkje mange minutta før eg traff nokon her oppe som visste kven Håkon var.
Tromsø har eg forsåvidt trua på, men kva i all verda skal eg studere der då? Eg trur ikkje dei har parkfriluftsliv der ein gong.
Ellers er eg framleis ungkar så det held, burde kanskje vurdere ei karriere som spelemann i tillegg?

 
At 27/1/06, Anonymous Anonym said...

Hallo Marcus!
Tindeklubben her, skal ikkje du gå Alaska på skrå?
Då er det utstyret som tel. Vil gjerne vite kav du går på og med;
Åsnes Combat, bindingar, sko????
Ser endeleg ein sjans til å få TK-Grei på rett spor. Dersom du kan anbefale utstyret ditt, og dersom det er like heilt når du er ferdig, og dersom det er råd å få kjøpt, og dersom eg har råd og det er så lett at eg orkar å bere det, så kan eg endeleg briefe litt igjen.
Ventar i spenning på ei skikkeleg utstyrsliste, skikkeleg detaljert.
På førehand vyrdsamt takk

 
At 2/2/06, Blogger MJ said...

Hei, Helge!

Utstyrlista er lang som eit vond år, i alle fall innkjøpsprisen tatt i betraktning.

Eg går på Åsnes Combat, det stemmer. Dei er ekstremt lette, brukbart breie, veldig gode å gå på, og skikkelig fine å køyre med, så lenge føret ikkje er for hardt. På hardt føre vert dei for lette og spinkle. Ellers brukar eg Riva 3 og Varg Skavl. Skavl-skoa er bra å gå med og heilt greie å køyre med, men kan dessverre ikkje måle seg med dei gamle lærskoa til Asolo. (Eg er vel litt for ung til å vere nostalgisk, men Asolo, dei laga bra lærsko dei!)
Ellers har eg bestilte meg ytterkle, jakke og bukse i England, sydd etter mål og av Ventile, eit vasstett bomullsstoff som Den Rike sikkert kan fortelje litt meir om. Det virkar veldig bra, i alle fall. www.west-winds.co.uk kan sjekkast ut.

 
At 2/2/06, Anonymous Anonym said...

Takk for svar!
Kan ikkje dy meg.... Britisk stoff? Etter alle fadesene i polare strøk? Du veit, engelskmenn møtte kulden som det skulle ha vore ein høgare offiser hos fienden. Den som bomma måtte gå i fangenskap.
Asolo? Spør Den Rike, ja. Han har gått på dine gamle og har skaffa seg gnagsår for eit langt liv! (Muligens at dette er sensitive opplysningar. I så fall er det berre å sensurere før Kjøtsåret er innpå!!!!)
Så er eg spent på om du har skistavar som tåler tyngda av ein tufs. Du må nemleg rekne med at før eller seinare ramlar nokon over dei - og kva då? (For all del ikkje la dette kome Det Vidgjetne Spydet for øyra!!)
Og ulltruse? Våt på raua ein månad i strekk?
Trur eg må kjøpe meg Combat, har hevda meg dårleg på utstyrsfronten i det siste. Trøtthetsbruddet i Torsdalen var ein konsekvens av lang tids manglande fornying av utstyret. Men det hottaste er vel det integrerte kortfellsystemet? Viss ikkje det funkar, kan det vere det same.

 
At 3/2/06, Blogger MJ said...

Ein kan ikkje reise til gullrusha sitt heimland uten å ha ein liten gambler i magen. Eg las på West-winds si heimeside under omtalen av jakka Antarctic Smock at ho vart utvikla for ein britisk antarktisekspedisjon, men den modellen tok eg ikkje sjansen på. Det får vere grenser. Når det gjeld stavar så brukar eg Swix fjellstav. Men dersom du verkeleg har råd til å brife litt så skal du kjøpe deg Life Link sin CarbonPro stav. Dei er tynne som tannpirkarar, og "uknekkelege".
Eg har ikkje kortfell, men rykta seier systemet funkar bra.

 

Legg inn en kommentar

<< Tilbake