02 februar, 2006

Med hjertet i halsen i 7 dagar

Etter å ha halde pusten i ei veke, kunne eg tidlegare idag endeleg senke skuldrane igjen, etter å ha snakka med legevakta. Nei, eg har ikkje lege i respirator, eg har berre hatt litt låke kne. Elendet begynte med at eg kvesta knena mine forrige fredag. Med tung sekk på ryggen small eg gjennom snødekket, som bestod av eit forlokkande nysnølag på toppen, og eit utspekulert, men skjørt skarelag under. Skina forsvann ut til kvar si side, eg prøvde å ploge dei inn igjen, men då slo dei seg heilt vrange, og stoppa heilt opp på flekken. Og eg for framover med heile kroppen, berre så det small i knena, i det dei vart vridde som ei tvoge i fredagsvasken. Då såg eg Cirkum Polare flyge vekk på kvite vingar. Eg fekk karra meg ned av fjellet på eit vis, men laurdag og søndag var det berre så vidt eg greidde å stavre meg over tunet her. Mandag var eg til lege, fikk MR-rekvisisjon, og masa meg til ei MR-undersøkjing i Kirkenes. Onsdag reiste eg Alta-Vadsø-Kirkenes-Tromsø-Hammerfest-Alta med Widerøe, med eit innlagt stopp i Kirkenes for MR-undersøkjing. Og idag fekk eg beskjeden om at eg kan reise på mandag, då eg berre hadde strekt leddbanda mine.




Eg er ikkje så veldig rutinert med fiskeposeringa. Ørreten vog nesten halvkiloet.

Altså, Alaska neste. Søndag går turen frå Alta til Oslo, og mandag flyg vi over dammen til "the great land". For å oppleve "the last frontier" "over there". (Fleire tøffe fraser på engelsk kjem etter kvart.) Etter 5 dagar med døgnsnuing, proviantering og pakking i Fairbanks går flyet til Takotna ute i bushen, eg føler på meg at det nok kjem eit nytt blogginnlegg når den flyturen er unnagjort, Widerøe skal visst vere peanøtter i forhold, ifølgje rykta.

Utanom ein leddbandstrekken som nesten ga meg skrekken, så har dei siste par vekene her oppe vore veldig bra, sjølv om glamfaktoren fall litt etter at Grand Prix var unnagjort. For to veker sidan var vi ein 4 dagers tur inn på vidda medan stormen "Narve" herja på det verste her oppe (vi hadde sjølvsagt ein del moro med namnet på uveret, sjølv om den originale Narve var litt spakare enn kopien på denne turen, då originalen var ganske forkjølt). Med fire pulkbikkjer på slep gjekk vi inn og slo leir ved Orroshytta, som vi hadde i bakhand dersom vi skulle få trøbbel av noko slag i kulda. For kaldt var det, med 28 minus på det kaldaste og oppimot liten storm i dei verste vindkulene. Det var unekteleg litt spesielt å ligge der i telt med ei hytte 50 meter lenger nede, medan temperaturen kraup ned mot 50 effektive minus. Men nyttig var det. Utstyr og kle vart grundig testa, og det meste fungerte kjempebra for min del. Då var det verre med Trond Olav som forfraus tærne i sine splitter nye Varg Polar sko.





Narve og Ingebjørg med storfisken.

Innimellom kuldetreninga prøvde vi oss litt på snarefangst etter ryper. Dei fleste sette vel ein 5-6 snarer som dei røkta. Trass i veret var det ei fin oppleving å tusle rundt i bjørkeskogen og sjå etter rypespor og sette snarer, for ikkje å snakke om forventningane og spenninga når vi gjekk for å sjekke om vi hadde fått fangst. Nokon storfangst vart det ikkje i det dårlege veret, vi fekk berre to ryper, den eine sat i ei av mine snarer, og eg fekk dermed mitt fyrste vilt.


Marte, Tuvuk og Murph.

Forrige veke var vi ut til Langfjordfjella ute ved kysten, der vi skulle gå toppturar i bratte kystfjell. Heile opplegget vart litt amputert sidan snøforholda var temmeleg dårlege. Det hadde kome eit nysnølag som var tjukt nok til å skjule steinane som stakk opp av ura, men for tynt til at du unngikk å treffe dei når du rennde over dei. Stakkars ski. Torsdag regna det i tillegg, og vi gikk innover ein tur innover ein dal, halvvegs på ski, halvvegs på føtene.

Men turen vart likevel fantastisk bra, takka vere eit hemmeleg-hemmeleg-vatn rett nedanfor leiren vår der vi sette ståsnøre på isen. Med jamne mellomrom beit smellfeit ørret på kroken, sølvblanke på buken og knallraude inni. Det heile toppa seg då eit stort beist hadde kroka i bukfinnen og vi måtte bore eit ekstra hol for å prøve å få han opp. Det heile enda med at Kristian stakk heile armen nedi holet og fekk lirka sjefsørreten på 1,2 kg trygt opp på isen. Ellers fikk vi fleire fine fiskar på 8 hekto, og forrige laurdag hadde vi eit durabeleg fiskemåltid på sjølvfiska ørret.


Erlend med storfisk.

Av anna nytt som må nemnast er dei nye ytterkleda mine. Sydde etter mål i England av stoffet av Ventile som er eit bomullstoff som både er vasstett og pustar godt. Vatnet berre prellar av kleda, det er heilt sjukt kor vassavstøtande dei er! Alle som les dette er hjarteleg velkomne til å få ein demonstrasjon.
Gore-texen er død!

Sjekk ut www.west-winds.co.uk

Ellers så ligg det meir info og bilde frå turane våre på Øytun sine nettsider, adressa er:
http://www.oytun.no/index.php?side=cirkum_polare

1 Comments:

At 3/2/06, Anonymous Anonym said...

Ja, då har vi fått igjen pusten resten av slekta også... Godt at du slapp å kome heimatt allereie no.
God tur og all mulig lukke og hell frå Varleite

 

Legg inn en kommentar

<< Tilbake