18 januar, 2006

Wig Wam og Trine Rein x3

Vintereventyret Cirkum Polare tok i nokså uventa vending forrige veke:


Som de ser var eg på konsert. Med Wig Wam. Eg sat nesten heilt framme. Vel, i grunnen var Wig Wam berre oppvarming, då. Oppvarming til, eh, regionfinale nummer ein i MGP. Det vil seie Grand Prix, faktisk.
Kvifor?? Korleis kunne eigentleg noko slikt skje? Den konkrete årsaka var at eg hadde fått gratisbillett. Men ein skarve gratisbillett er då strengt tatt ikkje gyldig grunn for å oppleve ein time med dvaske fjerderangs grand prix-svisker, der attpåtil to av dei skulle spelast to gongar. Så eg får vel ta heile historia: Vi var 16 stk frå Cirkum Polare og Arktis på Øytun som fikk 20000 kroner og gratisbillett for å vere med å rigge opp og ned scene og lys til regionfinalen i Grand Prix i Finnmarkshallen i Alta. Det høyrest litt betre ut eller?
Men det var faktisk ikkje bra. Omrekna til timelønn hadde vi såvidt over 60 kroner timen pr person, for å jobbe frå 9 til 9 på tirsdag og frå 9 til 3 natt til laurdag. Å arbeide for austeuropeisk timelønne gikk i grunnen greit, verre var de å pine seg sjølv gjennom ein time med 6 klisjespekka Grand Prix låtar (eg vil helst sleppe å rippe så mykje opp i dette.) Stikkord er klissete refreng, glyete melodiar og ekle modulasjonar. Men heldigvis var det ikkje berre liding, inntil eit visst punkt var det heile ganske festleg, t.d. med gitaristar som spelte utan å ha kabel i gitarutgongen og trommisar som vifta med trommestikkene utan å vere i nærleiken av slagverket, playback kallast det visst. Dei to minst dårlege låtane vart spelte om igjen, og som om ikkje det var nok, så måtte Trine Rein synge ein tredje gong p.g.a. tekniske problem. For ein som kanskje har høyrt ca. tre Trine Rein-låtar i løpet av 21 år levd liv var det ei sterk oppleving å høyre ein Trine Rein-låt tre gongar i løpet av berre ein liten time.
Nei, dette var Grand Prix-maskinen i levande live, med profft show, men syltynt innhald. Viss nokon har ei ku dei vil lære å mjølke, så veit Grand Prix korleis.
Men oppvarminga med Wig Wam var litt morosam, då.



Vi har heldigvis gjort andre ting her oppe enn å vere billeg arbeidskraft for MGP. Laurdag til søndag var vi på tur til skulen si hytte på Orros. Her var det isfiske, rypejakt, reinhjerte til middag, og ein lang kveld med hyttekos. Det vart verken fisk eller fugl på oss, men jammen hadde vi det fint likevel!


Forrige veke starta endeleg årets skisesong for min del, eit lite skår i gleda var den litt skrinne snømengda. Det går heilt fint å gå oppover og bortover på lyng, men det er ikkje fullt så moro nedover. Snømengdene her i Alta er rekordlave, slik det er no skal det visst eigentleg vere i oktober. Dei stakkars årselevane her er så sveltefora på pudder og gode forhold at det er reint synd på dei. Nordvestlandet er plassen dersom ein vi stå på ski, det kan det ikkje herske mykje tvil om.


Forrige fredag køyrde vi hundar med Harald Tunheim på vidda. Det var tøft det! Med seksspann fauk vi innover fjellet i ekspressfart på knallbra føre. Med fullmåne og flammande mørketidslys på ein klar himmel. Å stå bak på sleden med 6 gira huskyar trekkande så det kvein i svingane, det var så intenst, så spennande, så eventyrleg, så artig at eg eigentleg ikkje kan få sagt det. Nei, det var heilt rått! Fyrst køyrde vi to i kvar slede innover til ein lunsjplass der vi fyrte bål og tok livet med ro, medan vi bytta på å køyre åleine med lett slede etter Harald. Nei, når eg vert stor, då, kanskje, kanskje...


Siste nytt no er stormen Narve, som kom i går og skal verte verande i ei vekes tid. I morgon reiser vi på snarefangst på vidda, med 20 minus og stiv kuling vert det spennande!

06 januar, 2006

Cirkum Polare er i gong!

Etter ei roleg og fin jul med mykje god mat og eit par lettare fysiske utskeiingar i form av eit par joggeturar på fjellet og litt fotballsparking på romjulsturneringa heime i Herøyhallen, sette eg kursen nordover onsdag den 4. januar. Det einaste virkelig sensasjonelle eg kan fortelje frå jula er at eg scora eit mål, etter fyrst å ha dribla av og gått forbi ein juniorspelar i sin beste alder. Slike uventa renessanser er det ikkje alle gamle, rustne fotballkroppar som får oppleve! Moro var det, i alle fall, både å få spele litt halvseriøs innefotball igjen, og ikkje minst treffe gamle kjente.

Men no er det altså Alta, Øytun og Cirkum Polare som gjeld. Eg landa i Alta klokka elleve den onsdag. Etter ein del timar i fly med kurs rett nordover var eg klar for å lande i eit Finnmark med skiføre, 20 kalde og eit anstrøk nordlys på himmelen. Eg må nok fastslå at Finnmark med regn, 7 plussgrader og "snø til midt på hælen" dessverre ikkje klarte å innfri forventningane.

Den største skuffelsen er likevel mørketida. Etter å ha høyrt så mykje om denne mørketida som kvar vinter ligg som ei klam hand over folk folk nordpå, og gjer dei både melankolske og depressive, ja som til og med visstnok får somme til å reise til sol og varme på sørlege breiddegrader, så var det eit sjokk å finne ut at det faktisk er lyst her. I fleire timar er det lyst, heilt mørkt vert det ikkje før klokka tre. Ja, ja, ja, eg veit at sola ligg litt under horisonten. Men det er jammen ikkje så lyst på Sunnmørskysten når vinterstormane rasar inn frå sørvest, heller. Og kor mange dagar er det eigentleg ein ser sola i løpet av ein regnfull Vestlandsvinter? Nei, mørketida skremmer ikkje meg, folkens!

For øvrig ser det bra ut. Vi har eit rimelig hektisk program fram til vi reiser til "the last frontier" den 6. februar, med mykje planlegging, men også turar til vidda og kysten. Hittil har vi rukke ein "bli kjent-tur" til skulen si gamme pluss sightseeing i Alta City og ei solid infoøkt. Eg tek det som eit godt teikn at kvikksølvet er i ferd med å krype nedover, gler meg til fortsettelsen.