18 februar, 2006

Paa plass i bushen

Etter ei reise paa eit og eit halvt doegn, landa vi i endeleg paa flyplassen i Faibanks forrige mandag, der vi innkvarterte i ei umoeblert hytte i skogen litt utanfor byen. Fairbanks er ein merkeleg by. "Byen" ligg i eit flatt skogsomraade som er gjennomhola av breie, snorrette vegar. Her er ingen handlegater, berre store supermarked med endaa stoerre parkeringsplassar til dei overdimensjonerte amerikanske bilane. Mykje av tida fyrste veka gikk med til nettopp bilkoeyring, og handling. Det er ikkje nokon liten jobb aa handle mat til 12 stk i 30 dagar. Daa vi i tillegg skulle ha med oss mat til baking og toerking til langturen i Brooks Range pluss personleg og felles turutstyr, vart vi faktisk noeydde til aa leige eit ekstra fly for aa i det heile tatt kome oss ut til Takotna, vi maatte ha tre smaafly for aa faa med oss alt.

Vi rakk over litt andre ting innimellom all handlinga ogsaa, t.d. var vi og bada i dei varme kjeldene i Chena Hot Springs, vi var med paa aa pakke depotsekkar til Team Norway til Iditarod, vi var paa museum, vi var paa starten til Yukon Quest, verdas nest lengste hundeloep, vi var paa museum, og vi aat paa mongolsk restaurant (!).

Sist soendag flaug vi ut til Takotna, "in the middle of nowhere". Vi flaug via McGrath nokre mil fraa Takotna, der eg og to andre maatte hoppe over i eit anna fly, daa vi hadde for mykje vekt i flyet vi kom med til at vi kunne lande paa den korte rullebana her i Takotna. Aa flyge smaafly var behagelig med lite risting, og skikkelig samtidig toeft, vi hadde to heilt raae landingar, der piloten berre vrengde flyet ned paa rullebana!

I Takotna vart vi moette av ein scooterdelegasjon. Det fyrste som skjedde var at vi reiste ut til den fraaflytta gullgravarbyen Ophir for aa hjelpe til paa eit av sjekkpunkta paa scooterloepet Iron Dog, som gaar fraa Anchorage,via Fairbanks til Nome (eg huskar ikkje kor langt det er, men det er heilt vanvittig mange mil!). Vi var saman med ti ungar i 12-16 aars alderen, og sjefen sjoelv i Takotna, Dick Newton paa 75. Dick er rett og slett berre "the boss" her, det han seier er lov. Og saa har han eit oppkome av gode kommentarar.

Takotna er ein spesiell plass. Det bor ca 60 her, halvt om halvt med indianarar og kvite. Som dama i butikken her sa i det vi kom inn doera fyrste gongen: "I'm quite crazy, just like everone here !" Mange trivelege folk her, som er prega av at dei har tid. Tid i massevis. Det som ikkje vert gjort idag, vert gjort i morgon. Akkurat det er skikkeleg godt, aa vere langt unna alt som heiter tidsfristar og stress, aa kunne leve i ei rytme som ikkje bestemt av tusen faktorar som ein sjoelv ikkje har kontroll over. Her kan eg stake meg nedover elva og sette nokre snarer naar eg vil. Om eg vert vekke ein eller to timar er saa revnande likegyldig. Det kan nesten ikkje beskrivast kor godt det er aa leve heilt utanfor "8 til 4-ramma"!

Torsdag gikk dei fleste oppover til hytta til Dick som ligg tre mil oppover elva fraa Takotna, medan eg, Marie og Kristian har vore igjen i Takotna for aa ta ein toern med baking og toerking av groensaker og kjoet. Hytta skal vi ha som base naar vi driv jakt og fangst her. Reknar med at vi reiser oppover til dei andre i morgon, daa vert vi sikkert verande der oppe ut maanaden eller noko slikt. No gler eg meg som ein unge til aa kome skikkelig igong med jaktinga og fangstinga!